Som nyutdanna lege opplevde eg ein gong at ein mann misbrukte meg og legeposisjonen min som kvinneleg lege og som seksuelt objekt. Han kom og sa han trengte underlivsundersøking for ei problemstilling han hadde hatt før og som lett kunne løysa seg med ein krem utan at eg undersøkte. Men han ville veldig gjerne undersøkes. Han la seg på benken og før eg fekk på meg hanskene var penis på veg til ereksjon og vokste under hendene mine. Det var ubehageleg. Ikkje fordi han fekk ereksjon for det hadde eg opplevd før at ein pasient fekk som resultat av undersøkinga, men det var måten han virka å nyte situasjonen, som fekk meg til å kjenna meg utsatt og misbrukt.

Eg brukte ein del krefter på å unnskylde og tenkja at eg skal vera ein profesjonell som skal tåle og støtte pasienten uansett, og at han kanskje ikkje kunne noko for ereksjonen. Dei fleste menn derimot som er redde for å få ein uynskte reaksjon prøver å avslutte og redde seg ut av situasjonen. Det gjorde derimot ikkje han. Seinare fortalde eg historia til ei som hadde vore ung lege på same kontor nokre år tidlegare og ho fortalde den same historia om truleg same mann.